Gular jubileumsløp, dag 1 (28/08/2021)
Category: Konkurranse
Map/area: Baståsen Nordhordland
Organiser: IL Gular
Overraskande tungt i terrenget.

start - 1.: OK
1. - 2.: Det er truleg kjappare å følge stien på første del av strekket, og så får eg ein litan sving inn mot posten
2. - 3.: OK, sjølv om det var grusomt tungt opp bakken til posten
3. - 4.: Det beste er nok å forlate stien litt tidlegare, men eg er jo nesten strekkvinnar...
4. - 5.: Her har nokon funne ein variant som er langt raskare. Det var kanskje betre løpbart til høgre for vegetasjonsgrensa?
5. - 6.: Her veljer eg feil inngang, og rotar bort eit minutt bort til og over kollen, der det er vesentleg tyngre løpbart enn forventa...
6. - 7.: Nede ved vatnet er det ikkje løpbart, men eg trur ikkje det er kjappare rundt på sti til høgre?
7. - mål: Ikkje akkurat lettbeint i sommarvarmen...
Show comments (0)
 
Gular jubileumsløp, dag 1 (28/08/2021)