Fjellgeita (28.09.2025)
Kategorie: Konkurranse
Karte/Gebiet: Grønevollen Emblemsfjellet
Veranstalter: Emblem IL
Kom meg gjennom mellomløypa i år også :-)

start - 1.: Fjellgeita er fellesstartløp, og tidlegare år har eg prøvd å henge med ut frå start, men i år var det ikkje å tenkje på, og eg ligg klart sist på første, inkl. dårleg inngang...

1. - 2.: Allereie på dette strekket startar eg å plukke plasseringar, om enn utan å vere klar over det.

2. - 3.: På 70-talet bomma eg alltid stort bortover Myrane her, men både kart og o-teknikk er blitt betre sidan den gongen, og eg fortsetjer å plukke plasseringar :-)

3. - 4.: Grovkurs ned til vegen, og deretter full kontroll inn til posten.

4. - 5.: Feiltolkar myr og ikkje-myr og skrent og ikkje-skrent om lag i ringkanten, og drar opp til høgre, men skjønner feilen rimeleg fort.

5. - 8.: OK

8. - 9.: Mistolkar steinen like før ringen, og drar ned, men forstår rimeleg kjapt kva eg har gjort, og plukkar faktisk 3 nye plassar her.

9. - mål: OK, og godt nøgd med å kome heilskinna i mål godt under halvannan time, og med fleire bak enn foran meg på resultatlista i klassen :-)
Kommentare zeigen (0)
 
Fjellgeita (28.09.2025)