Fjellgeita (29.09.2024)
Kategorie: Konkurranse
Karte/Gebiet: Blindheimsfjellet
Veranstalter: Emblem IL
Ingen av mine "faste" konkurrentar i same løype som meg i dag, og det eg såg rundt meg på fellesstarten, var løparar med vesentleg meir fartspotensiale enn meg. Planen som då blei definert var å navigere stødig rundt utan bom i "god turfart", "full løpsfart" frå start ville truleg vere ei god oppskrift på seinare sprekk...
Gjennomføringa blei som planlagt, og eg såg ingen frå eiga løype etter post 1.

start - 1.: Løpsleiar hadde sladra om at alle hadde same første post, så eg var berre med i køa medan eg las løypa vidare.

1. - 2.: Eg er sikker på at høgre er best, men det finnast fleire ulike høgrevariantar, og eg trur den beste er eit knepp lengre til høgre midtvegs. Det var uventa tungt der eg "løp", med opp til 10 cm nysnø, og ingen spor av at andre før meg hadde tatt same vegval.

2. - 5.: OK

5. - 6.: Veljer feil i starten av strekket, der det beste må vere å halde seg oppe på myrflatene.

6. - 8.: OK

8. - 9.: Kunne nok ha skrådd ned litt tidlegare, men finn ein grei trasé, samstundes som eg tenkjer at både kropp og terreng var lettare for 45 år sidan...

9. - 10.: Er varsam nedover her.

10. - mål: OK, og inkje spurtoppgjer eller nokon som skal forsøkast lurast på siste post i år.
Kommentare zeigen (0)
 
Fjellgeita (29.09.2024)