Lokalløp Rødne Samnanger (19-08-2026)
Kategori: Konkurranse
Kort/område: Rødne
Arrangør: Samnanger IL
Etter nedturen i Sogndal tidleg i juli, var det etter halvannan løpsfri månad kjekt å kome seg til skogs med kart, brikke og kompass att, og kjenne at sjølv om eg prøvde å gi på, så fungerte topplokket :-) Då gjorde det eigentleg inkje at terrenget var tungt, og at det gjekk så treigt at oppgitt målestokk føltast å vere feil.

start - 2.: OK

2. - 3.: Veljer venstre via sti, trur valet er greitt, men har ikkje kontroll på inngangen, og har nok litt flaks då eg brått ser skjermen rett framom meg.

3. - 8.: OK, men tungt oppover, ja...

8. - 9.: Kjem lengre til høgre enn tenkt, men brukar post 12 som "inngang". Ned mot posten stoppar eg ei myr for tidleg, utan å få kartet til å stemme, eg føler eg står på rett myr, men konkluderar med at eg skal ei etasje til ned...

9. - 11.: OK

11. - 12.: Slipp meg litt for langt ned her, beste inngang er nok til venstre for kollen i ringen...

12. - 14.: OK

14. - 15.: Løper rett på gjerdet midtvegs, utan å sjå det før eg ligg flat oppå 2 rustne stålstrengar, heldigvis utan piggtråd. Etter å ha kome meg opp, går det 10 meter før eg snublar i ein busk, og ligg flat i graset nok ein gong...

15. - 16.: OK

16. - 17.: Finn ein OK trasé nedover, til eg kjem inn i noko skikkeleg rusk om lag i kanten av ringen. Her er det både nedfall eg slit med å passere, samt ting som stikk, utan at eg ser kva det er..

17. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
Lokalløp Rødne Samnanger (19-08-2026)