Digitalt kortarkiv for Torgeir Strand
|
Log ind
Alle brugere
|
Sprog:
Dansk
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Tilbage
<< treningsløp PWT (25-10-2025)
klubbmeisterskap IL Gular (08-11-2025)
Kategori:
Konkurranse
Kort/område:
Krohnegården
Arrangør:
IL Gular
Resultat
Kom meg greitt gjennom årets siste klubbmeisterskap, denne gongen i min "ordinære løparklubb".
start - 1.: Vegval delvis styrt av Amy, og delvis i at eg ikkje vil klatre meir enn naudsynt.
1. - 3.: OK
3. - 4.: Symbolstorleikar er nok ikkje heilt etter kartnormen, og inn mot posten ser eg berre nokre svarte prikkar som eg feilaktig tolkar som 2 steinar. Eg ser ingen stein(ar), og får ein sving til venstre når eg skal sjekke om steinane gøymer seg i eit kratt. Postdetaljen er ein lav steinmur, der posten er gøymd heilt inntil, men postbeskrivelsen las eg jo først etter å ha fastslått at det heller ikkje var steinar i krattet...
4. - 5.: Er heilt bevisst på å løpe i "finskogen" heller enn i smågrumsete gult.
5. - 6.: Løper i "finskog" til det begynner å gå oppover, og drar deretter ned mot dårleg sti. Inn mot posten skjønner eg ikkje så alt for mykje av kartet, eg "grovstyrar" mest etter vasskanten til eg ser skjermen.
6. - 7.: OK, og eg har jo vore på posten tidlegare...
7. - 8.: Skjønner ikkje så alt for mykje nedover her, men ser skjermen før eg er nede på stien.
8. - 9.: Like før ringen møter eg Hege Fjellbirkeland som kjem opp frå venstre, og eg burde sjølvsagt ha dradd ned der ho kom frå, heller enn å gå meg fast på toppen av skrenten... Brukar litt tid på å kome meg ned...
9. - 10.: Tungt, men OK.
10. - 11.: Løper først ut i den retninga eg såg brødrene Eikanger brukte nokre minutt tidlegare, men ombestemmer meg når eg sjølv les strekket, og rundar til venstre. Inn mot posten styrar eg berre på ryggane til Arne Johannesen og Hege Fjellbirkeland.
11. - 12.: Skjønner lite av kartet her, men forstår når eg er kome langt nok, og ser posten når eg tittar til høgre.
12. - 13.: OK, sjølv om stisystemet er alt anna enn tydeleg.
13. - 14.: Opp mot posten spinn eg i gjørme og laust lauv, beste inngang er nok lengre til høgre.
14. - mål: OK
Vis kommentarer
Skjul kommentarer
(
0
)
Indsæt ny kommentar
Navn:
E-post:
Gem