Tunhovd 2-dagars, dag 1 (24-06-2025)
Kategori: Konkurranse
Kort/område: Ljøtelende
Arrangør: Tunhovd IL
Var skeptisk på førehand, om eg kom til å greie å lese kartet, eller om kurvebiletet kom til å forsvinne i svart, men eg fann greitt fram, om ikkje via heilt optimale traséar på ein steinbotn som ikkje passar meg som hand i hanske.

Eg er veldig bevisst på å lese kart undervegs, ut frå teorien om at om ein bommar her, så er det ikkje lett å ta seg inn...

start - 3.: Går klokkereint på kurs, samstundes som eg les kart.

3. - 4.: Brukar bekken som assistent.

4. - 5.: Styrar innom gult hjørne og myra midtvegs, og les meg greitt inn via skrentar og anna.

5. - 7.: Kompass, samstundes som eg les kart.

7. - 9.: Kompass, med kontroll via vassdammar.

9. - 11.: Sklir meg nedover på steinete mose, med god kontroll på kvar eg er.

11. - mål: Sliten, men godt nøgd med meg sjølv :-)
Vis kommentarer (0)
 
Tunhovd 2-dagars, dag 1 (24-06-2025)