2 dies de les Muntanyes de Prades - dag 2 (27-10-2024)
Kategori: Konkurranse
Kort/område: Els Motllats
Arrangør: Club Montsant
Land: Spania
Guffent ver før start, og verre blei det, med stadig meir regn og lengst i aust også skodde.

start - 1.: Var veldig usikker på korleis terreng med grøne striper var, og det var dårlegare enn forventa. Inn mot posten dukkar det opp masse smådetaljar, og eg klarar ikkje å bli samd med kartet om kva som er høgdepunkt, kva som er steingardar, og kva som er anna.

1. - 2.: OK

2. - 3.: Veljer høgre delvis for å unngå grøne striper, og delvis for å få lese resten av løypa. Eg trur vegvalet er veldig OK.

3. - 4.: Veljer høgre via sti (eg trur valet er OK), men når eg kjem ut av det grøne, slår skodda mot meg, og sjølv om eg er i rett søkk, ser eg ikkje posten, men drar forbi på oppsida. Finn posten ved hjelp av annan løpar som også leita rundt i skodda.

4. - 5.: Er totalforvirra, ser ingen terrengformasjonar i skodda, og får inkje til å stemme før eg endeleg ser lyset ved det grøne NV for posten.

5. - 6.: Finn ut at grøne prikkar ikkje er skjønt, men finn i alle fall fram, samstundes som skodda går sin veg...

6. - 9.: OK, noko skal ein jo ha att for å ha brukt tid tidlegare til å lese løypa :-)

9. - 10.: Skogen midtvegs er tettare enn forventa, og eg endrar plan til å la meg fange opp av det grøne, samstundes som overgangen til mørk grønt er mindre klar enn forventa, men ingen katastrofe. Eg veit når det er stopp i det grøne at eg er for langt til høgre.

10. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
2 dies de les Muntanyes de Prades - dag 2 (27-10-2024)