Digitalt kortarkiv for Torgeir Strand
|
Log ind
Alle brugere
|
Sprog:
Dansk
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Tilbage
<< HOK-ranking (29-05-2022)
|
bedriftsløp VBIK Bergen (01-06-2022) >>
pokalkamp Bergen (31-05-2022)
Kategori:
Konkurranse
Kort/område:
Bueskytterbanen/Langeskogen
Arrangør:
Bergens TF
Resultat
Surrete løp i dag, men for så vidt greitt å samle opp tabber og trøbbel i eitt løp, heller enn å fordele slikt på fleire. Etter 3. post omdefinerte eg løpet for eigen del til treningsløp, og tok det relativt roleg. At eg faktisk hadde Tommy og Øistein innafor rekkevidde, hadde eg ikkje sett for meg... Då hadde eg nok prøvd å gasse litt meir på enn slik det blei no...
Start - 1 : Eg trur rett på og høgre på veg er om lag likeverdige, trøbbelet oppstår når eg sjekkar koden, og denne er feil. Eg sjekkar nok ein gong, og les at posten skal vere ved stein med kode 36. "Ved stein" stemmer, men koden stemmer absolutt ikkje. Etter litt går det opp for meg at trøbbelet er at postbeskrivelsen eg har på arma, og som eg les gong etter gong, ikkje er frå dagens løp, men frå søndagens løp i Hardanger... Moral: Viss du brukar postbeskrivelseshaldar for lause postbeskrivelsar, sørg for at denne ved start er tom, eller inneheld postbeskrivelse for dagens løp...
1 - 2 : Eg skjønner ikkje at det eg skal til, er ei sprekk som ikkje er synleg frå stien, og drar forbi...
2 - 3 : Her løper eg tvers gjennom forbode område midtvegs (eg la ikkje merke til det då eg løp, men ser det no når eg teiknar vegval), og skal altså diskast. Samstundes var eg neppe åleine om å løpe her (eg såg i alle fall ein kjapp H50-rygg eg kjenner gjere det same)? Inn mot posten er eg overtydd om at eg skal til ur/røys, eg finn denne greitt, og ser i alle sprekker mellom steinane etter ein post, men finn ingen post. Etter ei stunds leiting les eg postbeskrivelsen, som seier "fot skrent". Då skjønner eg at posten ikkje ligg midt i ringen, men godt nord i denne...
3 - 4 : No skjønner eg at det eg skal til på den no omdefinerte treningsturen, er ei sprekk...
4 - 5 : Etter å ha kryssa Løvstien, kjem eg inn på ein sti som er så nær vegkrysset, og som skrår så pass til høgre, at eg oppfattar denne som feil sti. Eg tek difor til venstre eit stykke oppe for å finne den rette stien. Eg var på rett sti, finn eg etter kvart ut, og så trur eg ikkje at kartet fortener toppkarakter her?
5 - 6 : OK, der eg somlar meg oppover...
6 - 7 : No har eg starta å lese korrekt postbeskrivelse, men eg skjønner likevel ikkje kva stein eg skal til...
7 - 10 : OK
10 - 11 : Midtvegs joggar eg langs gjerdet på ein nyinngjerda hundegard (?) som ikkje står på kartet. Løypeleggar hadde kanskje ikkje tenkt at vi skulle ligge så langt nede, men eg trur vegvalet er godt?
11 - mål : OK
Vis kommentarer
Skjul kommentarer
(
1
)
Geir
:
Jeg hadde mange av de samme erfaringene som deg. postringen til tredje post var plassert en god de feil på kartet. Jeg kuttet rett etter sperret området og vaset rundt i steinene og det grønne før jeg skjønte at posten skulle ligge under skrent. Hadde nok også nokså sikkert løpt rundt på vei, hvs den var plassert riktig.
I tillegg ble jeg også satt ut av at stien opp til 5. post begynte akkurat der stien nedenfor kom opp og ikke lenger til høyre.
Og det samme når det gjelder hundegårdgjerdet.
Indsæt ny kommentar
Navn:
E-post:
Gem