bedriftsløp VBIK Bergen (27.05.2026)
Kategorie: Konkurranse
Mapa/oblast: Kanadaskogen
Pořadatel: Tryg BIL
Navigerte stødig gjennom eigen hage i dag, og dagsformen var heller ikkje så verst :-)
Kunne nok ha vald A-løypa, men var usikker på dagsformen i forkant, og når B hadde større målestokk enn A, blei det H60-B nok ein gong.

start - 1.: Har grei kontroll inn mot posten, men inne i ringen blir eg usikker på kva av skrentane eg skal til, og stoppar for å lese postbeskrivelsen. Bortkasta lesesekund, hadde eg fortsatt 2 meter til frå der eg stoppa, hadde eg sett skjermen...

1. - 3.: OK

3. - 4.: Usikker på kva som er kjappast her ("stiane" er ikkje mykje å skryte av...), men eg tapar i alle fall ikkje mykje på mitt val.

4. - 5.: Veljer feil inngang, beste inngang er nok å runde til høgre.

5. - 6.: Føler at steinen ligg lengre oppe enn der han er teikna.

6. - 7.: Eg tek ikkje sjansen på rett på, slik m.a. Linda Klanderud gjorde, og humpar meg over tuemyra lengre nord, før eg slit veldig i motbakken opp til posten.

7. - mål: OK
Zobrazit komentáře (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (27.05.2026)