Digitalní archív orienťáckých map pro Torgeir Strand
|
Přihlásit
Všichni uživatelé
|
Jazyk:
Česky
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Zpět
<< bedriftsløp VBIK Bergen (30.04.2025)
bedriftsløp VBIK Bergen (07.05.2025)
Kategorie:
Konkurranse
Mapa/oblast:
Knappenfjellet
Pořadatel:
Equinor BIL
Výsledky
Valde B-løypa i dag, og med fasiten i hand, var det korrekt val. A-løypa hadde blitt i tyngste laget.
start - 3.: OK
3. - 4.: OK, og eg er altså rimeleg sikker på at venstre over toppen er kjappast.
4. - 6.: OK, sjølv om eg diverre er i ferd med å velte ein annan løpar som eg er i ferd med å passere då eg snublar i myra ned mot 6.
6. - 7.: Føler at eg har kontroll, men lav sol inn frå høgre gjer det veldig avgrensa kva eg ser til høgre for meg, og då løper eg inn mot feil skrent 10 meter for lavt, og skjønner deretter null og niks. Her går det treogeithalvt minutt, tenkjer eg :-(
Rett og slett sløvt å gi frå meg høgde ut frå 6., utan å kompensere midtvegs, og her går det heller ikkje an å skylde på sola, men gjort er gjort...
7. - 8.: Beste variant er nok å dra rett opp på stien, sjølv om denne er dårleg.
8. - 9.: Har veldig grei kontroll til like før posten, som eg heldigvis har sett på lang avstand, for inn mot posten skjønner eg null og niks av kartet. No etterpå ser eg kvifor, og det er at i dette området har ein vesentleg del av det brune flytta på seg, med totalt kaos som resultat for ein kurvelesar som meg.
9. - 10.: Skjønner null og niks av kartet, som eg jo i ettertid forstår har heilt feil kurvesystem her, men finn etter ein minuttbom, der eg også er innom ein annan post, den posten eg skal ha. Eg trur han ligg rett, men utfordringa er at kurvesystemet fram til og aust for posten ikkje stemmer (det er i eit område her 4-5 høgdekurver som har flytta seg ca. 40 meter sørover, og delvis lagt seg oppå anna kurvenett, samstundes som i alle fall noko myr i delar av det same området også har flytta på seg).
10. - 11.: Fortsatt feil kurvesystem m.m., men eg kjem meg ned, etter å ha tryna undervegs, då eg hektar i ein stålstreng frå det gamle gjerdet.
11. - mål: OK
Zobrazit komentáře
Skrýt komentáře
(
0
)
Napiš komentář
Jméno:
Email:
Ulož