Digitalní archív orienťáckých map pro Torgeir Strand
|
Přihlásit
Všichni uživatelé
|
Jazyk:
Česky
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Zpět
<< Kristtorn / Vestlandspremiere (06.04.2025)
klubbløp Samnanger IL (09.04.2025)
Kategorie:
Konkurranse
Mapa/oblast:
Myra
Pořadatel:
Samnanger IL
Výsledky
Onsdagsettermiddagstur til Samnanger i fineveret, og så er det jo ikkje kvar dag ein kan løpe i "nytt" terreng, for eigen del har eg faktisk aldri løpt på denne delen av kartet :-)
start - 1.: Skjønner at her må ein finlese for å få med seg alle skrentane på kartet...
1. - 5.: OK
5. - 6.: Opprinneleg plan er å kutte over det gule, men når eg ser høgde og konsistens på gjerdet, blir det i staden rundt til høgre. Usikker inn mot posten, men blir fanga opp av Per Arne Aadland på bomtur :-)
6. - 7.: Skeivar ut og ned til høgre her :-( Planen var rett på...
7. - 8.: Planen er nok ein gong rett på, men når eg ser kor bratt det er ned frå posten, konkluderar eg med at eg ikkje skal ned der. Prøver meg først litt opp til venstre, der eg konkluderar med at det er enno verre, før eg drar sørover, der eg overraskande nok finn "hol i stupet" etter ikkje så mange meter. Klatrar bratt ned her, og så blir det høgre, med klatring opp att, i staden for opprinneleg plan.
I ettertid lurar eg på om stor venstresving faktisk er beste vegval?
8. - 9.: Ny utskeiving til høgre, og blir fanga opp av post 11...
9. - 10.: OK
10. - 11.: Får ikkje kartet til å stemme inn mot posten, og sleivar litt til høgre, sjølv om eg var der berre nokre minutt tidlegare...
11. - mål: OK
Zobrazit komentáře
Skrýt komentáře
(
0
)
Napiš komentář
Jméno:
Email:
Ulož