klubbmeisterskap Emblem IL (04.06.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Eikenosa
Arrangør: Emblem IL
Går fortsatt med stavar, men om eg forstår konseptet for Emblem IL sin klubbmeisterskap korrekt, skal "løpstida" (i mitt tilfelle gangtida...) kvernast gjennom ein formel som tek omsyn til både kjøn, alder, vekt og syn, og om formelen då også tek omsyn til dårleg kne og tilhøyrande stavgang, kan det jo vere at eg avanserar ein del oppover på den offisielle resultatlista, når denne kjem, men tidsmessig var det, som rett og rimeleg er, mange som var foran meg.

start - 1.: OK, og eg føler at kartet stemmer like dårleg no, som sist eg var på den same steinen, det manglar minst ei hjelpekurve her...

1. - 2.: OK

2. - 3.: OK, og over myra midtvegs prøver eg meg til og med på nokre veldig varsame joggesteg, utan at kneet protesterar :-)

3. - 4.: Har tenkt meg ned på sti og jorde, men treff på ein grei sti som ikkje står på kartet, og veljer i staden denne. Stien seier etter kvart takk for seg, og eg burde nok ha dratt ned. Inn mot 4. blokkerar eg passasjen etter steingarden for Emma2, som blir slått med 3 sek. av Emma1, og eg tek gjennom blokkeringa ansvar for desse 3 sekunda. Emma2 hadde ingen grunn til å tru at eg brått skulle stoppe på den smalaste staden for å sjå meg ut den beste traséen vidare, og når dama er så lettbeint at eg ikkje høyrer ho kome...

4. - 5.: OK

5. - 6.: Eg drar opp litt for tidleg, og får ikkje tak på noko som helst, men forstår at eg er for langt aust, og ser lyset når eg om sider forstår kva det er eg ser etter...

6. - 7.: OK

7. - 8.: Her var det bratt, og eg listar meg varsamt nedover utan feilsteg, med god vekt på stavane :-)

8. - 9.: Finn ein passe flat og ikkje minst mjuk trasé bortover lia, og held på denne, sjølv om det sikkert er kjappare å dra ned på vegen. Ingen bom på 9., svingen er ein konsekvens av at eg ser ein fin og slak "nedgang".

9. - 10.: Midtvegs på strekket er det ein mur som ikkje framgår av kartet, og eg må eit stykke til venstre for å kome meg over denne på ein stad der han er lav nok til at eg får løfta med meg høgrefoten...

10. - mål: OK, og godt nøgd med at kneet klart virkar å vere i betring :-) Kanskje prøve jogge-/løpssteg i større volum neste veke?
Vis kommentarer (0)
 
klubbmeisterskap Emblem IL (04.06.2024)