pokalkamp Bergen (28.05.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Haukås
Arrangør: Varegg Fleridrett
Ikkje enkelt å få flyt når eg pr. no går med stavar, men eg klarer jo heldigvis å ta meg inn når eg stoppar for å løfte opp kartet, og lese... Elles er jo stavgang også ein slags trening i "karthusk" :-)

start - 1.: Følger passe sløvt merking ut frå start, og er "brått" på feil post før eg startar å lese kartet...

1. - 3.: OK

3. - 4.: Jungel/grastuer og stavar er ein dårleg kombinasjon, og så var det noko rart med gjerdet der eg kryssa stien, utan å leite fram kompasset (skulle gjerne ha hatt fire hender på dagar som i dag...). Eg lurar på om gjerdet "knekker" langs stien, og var med på å føre meg på ville vegar? Det hadde nok uansett lønt seg å dra rett tilbake til stien ut frå 3.?

4. - 9.: OK, til og med med tendensar til flyt, og ufatteleg gode strekktidsplasseringar ift korleis helsetilstanden er, her må mange ha gjort mykje rart...

9. - 10.: Føler at inngangen er gjennom ein hage, der det i alle fall er utplassert både trampoline og anna på velstelt grasplen...

10. - 11.: Får ikkje tak på grensa mellom hagegrønt og gult, eg vil ikkje inn i hagegrønt, og drar ikkje bort på vegen.

11. - mål: Blir knust av Bjørn Sandvik i den interne klubbkampen her...
Vis kommentarer (0)
 
pokalkamp Bergen (28.05.2024)