bedriftsløp VBIK Bergen (15.05.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Birkelandsfjell
Arrangør: HVL BIL
Fortsatt ikkje løpbar, men gjekk meg ein grei trenings-/luftetur i B-løypa :-)

start - 1.: Stussa på at det var så langt fram til posten, det kunne nok godt ha vore nokre hjelpekurver på kollene på begge sider her.

1. - 3.: OK

3. - 4.: Forlot høgspentgata på ein grumsete stad...

4. - 5.: Hadde eg vore løpbar, hadde eg vald rett på, og det burde eg nok også ha gjort sjølv om eg gjekk "stavgang". Linja opp til vegen var eit helvete, med masse dritt på tvers...
Seinare forlet eg vegen for seint, eg meinte eg hugsa at det var ein sti inn til venstre her, men det var det ikkje...

5. - 6.: Silketerreng :-)

6. - 7.: Slutt på silken...

7. - 8.: Sjølve posten er jungelpost, men grei å finne.

8. - 9.: Her har eg ufatteleg god strekktidsplassering, det er nok mange som går seg fast i grønt ut frå posten, i staden for som eg å gå gjennom det kvite kortaste veg til sti.

9. - mål: Går ikkje i 100-fella i siste stikryss, men sjekkar kartet samstundes som eg stemplar på 100, og så veit eg jo uansett at mål er lengre nede, det er jo eg som utplasserte målbukkane eit par timar tidlegare...
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (15.05.2024)