bedriftsløp VBIK Bergen (24.04.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Kanadaskogen
Arrangør: Tryg BIL
Med dårleg kne blei det B også denne gongen, diverre med klassesiger i H60-B som resultat. Det var ikkje på nokon måte planen, men når dårleg/middels fart koplast med solid rutine (og så skadar det jo ikkje å vere relativt lommekjend i terrenget...)...

start - 1.: OK.

1. - 2.: Utgang til høgre må vere kjappare, elles OK.

2. - 3.: Går meg fast i vindfall ut av 2., og så tek eg av for tidleg frå stien opp mot 3.

3. - 4.: OK.

4. - 5.: Vurderar stor venstresving som opplagt raskast, men vurderar likevel også rett på for å spare kneet. Det er fullt mogleg at eg kjem til å angre på valet, som endte opp med stor venstresving...

5. - 6.: OK, eg trur ikkje det er kjappare å slippe seg ned på vegen.

6. - 7.: Heller ikkje her trur eg det er kjappare å slippe seg ned på vegen, men eg kjem litt for lavt mot barnehagegjerdet. Elles OK.

7. - mål: OK.

Ondt i kneet etterpå, undrast på korleis det er i morgon...
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (24.04.2024)