Portugal 4-dagars - løp 4 (13.02.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Cabreira - Parada
Arrangør: Associação Desportiva do Mondego
Land: Portugal
Spenning før finaleløpet, ville vi bli sendt opp i like håplause steinhaugar som dagen før, og ville kroppen tåle 4 løp på 4 dagar?

start - 3.: OK

3. - 4.: Planen er inngang frå høgre, der det ser ut til å vere ein OK passasje. Eg gjennomfører vegvalet som planlagt, men passasjen opp mot steinhaugen er alt anna enn OK, det er med naud og neppe eg kjem meg opp. Når eg har kome meg opp, gløymer eg det brune, kjem i feil "sprekk", og passerar 15 meter til høgre for posten, og brukar deretter alt for lang tid til å forstå kva eg har gjort...

4. - 5.: Gløymer kompasset, og "løper" mot feil steinkoloss. Totalt søler eg bort om lag 5 minutt oppe i haugen her, på leiting etter 4. og 5. :-(

5. - 6.: Grusom trasé ned frå posten, og rotar meg deretter borti både kratt og piggtråd, beste vegval må vere lengre til venstre, der det visstnok også var ein sti.

6. - 7.: Lar meg heldigvis ikkje knekke av dei siste strekka, og veljer rett her. Interessant nok har eg då eg kjem i mål, beste strekktid av dei 18 som då er inne :-)

7. - 8.: OK, hovudutfordringa er nok ein gong piggtråd...

8. - 9.: Nok ein gong helvetespassasje ned frå posten, men strekktidene tyder på at eg har vald rett :-)

9. - 14.: OK

14. - 15.: Ser heldigvis gjerdeopninga før eg har klatra for langt oppover :-)

15. - mål: OK, sliten og nøgd, og blir overraskande, særleg etter trøbbelet eg hadde lengst sør, snakka i mål av speaker, som nr. 2 i klassen :-)

Godt nøgd med meg sjølv etter 4 løp, og samanlagt nr. 16 av 108 i H65- :-)
Ein del bomming var det, men eg trur ikkje det var mange som bomma mindre enn meg...
Vis kommentarer (0)
 
Portugal 4-dagars - løp 4 (13.02.2024)