Portugal 4-dagars - løp 3 (12.02.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Cabreira - Parada
Arrangør: Associação Desportiva do Mondego
Land: Portugal
Etter 2 kalde og fuktige dagar, var det plutseleg 2-sifra temperatur og finever, så ulltrøya blei lagt vekk...

start - 1.: Ser plutseleg ei tjørn foran meg, men skjønner at nokre fuktige dagar har gjort noko med terrenget, og tek meg greitt inn.

1. - 2.: OK

2. - 3.: Har bestemt meg for høgrevegval, men ned frå posten står det ein annan løpar og ropar at det ikkje er mogleg å kome seg ned det skrå og glatte berget der, og då endrar eg til venstre. Inn mot posten finn eg ingen passasje, sjølv om eg veit kvar eg er, det er kantar og bratte skråberg overalt rundt meg... Mistar fleire minutt her, men utan at eg eigentleg vil kalle det for bom...

3. - 4.: OK, men forbannar piggtråd både før og etter vegen. Før vegen hjelper eg ei svensk dame som ligg foran meg under ein piggtråd ved å løfte denne opp, når eg så forventar at ho deretter skal hjelpe meg under den same piggtråden, seier ho "Tack", og løper sin veg... Etter vegen ender eg opp inne i eit "ekstra" piggtrådgjerde som går rundt dammen...

4. - 6.: OK

6. - 7.: OK, men det er så vidt eg klarer å kome meg opp det trange "søkket" inn mot posten.

7. - 8.: OK, men terrenget er langt mindre farbart enn kva kartet gir inntrykk av.

8. - 9.: OK vegval, men posten er dumt plassert, i eit område der det er berre sprekker mellom ulike steinkolossar, utan at det er farbart mellom desse slik som kartet gir inntrykk av. Eg kjem meg ikkje opp den sprekka som posten ligg i, men må tilbake og rundt ein steinkoloss.

9. - 10.: Gløymer kompasset, tek meg greitt inn, men går meg fast i skråberg når eg skal ned mot posten...

10. - 11.: Får ein dårleg inngang, med klatring opp og ned skråberg...

11. - 12.: Forstår ikkje vegetasjonsgrensa på posten, men eg veit jo kvar eg er...

12. - mål: OK

Greitt nøgd med meg sjølv, men tenkjer at dette var eit terreng som absolutt ikkje burde ha vore brukt til eit løp med så mange veteranar :-(
Deler av terrenget har elendig framkomst, og kartet viser passasjar som i praksis ikkje er passasjar for slike som meg, og slett ikkje for dei som er eldre og/eller enda meir skrøpelege...
Vis kommentarer (0)
 
Portugal 4-dagars - løp 3 (12.02.2024)