Portugal 4-dagars - løp 2 (11.02.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Amoreira
Arrangør: Associação Desportiva do Mondego
Land: Portugal
Lærte ein del om kart, terreng, steingardar, skog og piggtråd dagen før, og hadde god nytte av dette på løp 2 :-)

start - 4.: OK

4. - 5.: Ser ingen gode "rundt"-variantar, og veljer tilnærma rett på. Ein del piggtråd og eit par "oppgåtte" beitemarker, men eg trur at vegvalet er OK.

5. - 6.: Høgresving (rett nord ut av 5.) er truleg kjappare?

6. - 7.: OK

7. - 8.: Her går eg meg fast i "skråberg" fleire stader, og beste vegval er nok lengre til venstre.

8. - 9.: Brukar halvminuttet på å kome meg over eit piggtrådgjerde litt over midtvegs.

9. - 11.: OK

11. - 12.: Heng fast i piggtråd like før drikkestasjonen, men blir berga av ei italiensk dame som løftar opp piggtråden som heng fast i ryggen, samstundes som eg sjølv jobbar med piggtråden som heng fast i skrittet...
Strekket framstår elles som eit meiningslaust langstrekk, heilt utan vegvalsalternativer :-(

12. - 14.: OK

14. - 15.: Same strekk som dagen før, og eg hugsar at eg ikkje skal ta venstre ein gong til :-)

15. - mål: OK

Godt nøgd med både tid, plassering og meg sjølv :-)

Vis kommentarer (0)
 
Portugal 4-dagars - løp 2 (11.02.2024)