Høst-open dag 1 (28.10.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Paradisbakkerne Bornholm
Arrangør: Viking Atletik
Land: Bornholm
Slik året har vore, kan eg ikkje anna enn å vere strålande nøgd med plassering i beste halvpart, om enn med tidstap på meir enn 3 min. totalt.

start – 1.: OK

1. – 2.: Bør løpe meir rett tilbake til vegen eg kom frå

2. – 3.: Grusomt tung lyng inn mot posten

3. – 4.: Fortsatt tung lyng ut av posten, og eg bør nok dra ned i «stupsprekka» til høgre for streken, kjempe meg over våtmyra, og følge sti inn mot posten. Her går det nok eit halvminutt ekstra.

4. – 5.: Er på veg inn i posten, då eg føler at eg er for lavt, og snur opp att og rundar skrenten på oppsida. Eg burde ha fortsatt rundt på nedsida, her går det i nærleiken av eit halvminutt.

5. – 6.: OK, men tungt terreng inn mot posten, og eg bestemmer meg for at eg ikkje vil ut att den vegen.

6. – 7.: «Myra» ut frå 6. er inga myr, men ein innsjø, men eg kjempar meg over…

7. – 8.: Eg meiner eg veljer rett ut frå kartet, men dalen ned mot posten viser seg å vere ufarbar pga nedfall, og eg må klatre opp att, og likevel ta posten frå oppsida. Her går det eitt minutt.

8. – 11.: OK

11. – 12.: Venstrevalet mitt følast greitt, men strekktidene indikerar at rett på er halvminuttet kjappare.

12. – 13.: Eg går meg fast i grums og grams i den siste dalkryssinga, og beste vegval/dalkryssing er nok eit par knepp lengre til venstre. Strekktidene indikerar at det går minuttet her.

13. – mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
Høst-open dag 1 (28.10.2023)