Høst-open sprint (27.10.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Galløkken Bornholm
Arrangør: PI København
Land: Danmark
Planen var å ta det med ro, utan å bomme.

start – 1.: Allereie her raknar planen, då «alt» (målestokk 1:3.000!) kjem alt for fort mot meg. Eg er kome for langt allereie før eg tittar på kartet… 1 min bom

1. – 2.: Nytt strekk der alt kjem for fort mot meg. ½ min tidstap, og eg bestemmer meg for å skjerpe meg, og hugse at eg skulle ta det med ro, at eg er på øya for å kose meg og løpe skogsløp, og ikkje for å løpe fort i oppvarmingssprinten…

2. – 7.: OK

7. – 8.: Når eg heiter som eg gjer, tek eg sjølvsagt høgre via Strandvejen

8. – 11.: OK

11. – 12.: Reknar med at det er tråkk vidare rett fram etter kryssing av Strandvejen, og det er det…

12. – 14.: OK

14. – 15.: Kartet imponerte ikkje inn mot og rundt 14., og heller enn å leite etter det som kan vere ein særs utydeleg sti, «kuttar» eg når eg meiner å ha kome langt nok, og her er den «avstandsfølelsen» som mangla totalt i starten i alle fall til stades :-)

15. – mål: OK

Spesielt løp, med både trasear gjennom og postar i område som normalt ville ha vore teikna som hagegrønt.
Vis kommentarer (0)
 
Høst-open sprint (27.10.2023)