haustløp (01.10.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Raudvatnet
Arrangør: Samnanger IL
Ikkje klokkeklårt om dagens økt var trening eller konkurranse, men eg hadde i alle fall ei fin økt i lettløpt Samnangerterreng, i hovudsak mellom 400 og 500 moh :-)

start - 2.: OK

2. - 3.: Klarar ikkje å la vere å tenkje på veg bortover her, at dette er perfekt terreng (og kart) til å trene høgdekurvelesing i, hadde kartet vore nyare, hadde nokon sikkert lagt på både gule og grøne raster, i forsøk på å kamuflere det brune, som slike som meg tenkjer er og blir det viktigaste på eit kart i slikt terreng :-)

3. - 4.: OK

4. - 5.: Vurderar å runde skrentrekka til høgre, og det er moglegvis raskare enn det eg no veljer, men eg ønskjer ikkje å møte ho som starta bak meg...

5. - 6.: Meir grumsete enn venta ned her, og kanskje betre med høgre på sti?

6. - 7.: OK

7. - 8.: Vurderar både venstre og svakt høgre (med litt klatring i starten), og trur i ettertid at eg veljer feil.
På første del av strekket brukar eg for mykje tid på å finne ein attgrodd sti, det viser seg etter å ha funne og testa stien kjappare å løpe parallelt med og til venstre for "stien".
På siste del av strekket blir det alt for mykje på tvers, det er nok betre å ta litt klatring med det same, og deretter løpe til høgre for streken, med inngang til posten frå NNV.

8. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
haustløp (01.10.2023)