bedriftsløp VBIK Bergen (06.09.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Havet Kaland
Arrangør: Eviny BIL
Greitt gjennomført frå 1. og inn, opningsstrekket er det verre med...

start - 1.: Planen er å treffe litt til høgre for posten, og så ta denne via stien, men då eg kjem fram til kanten, får eg inkje til å stemme ift det eg ser rundt meg, og eg trur plutseleg at eg er til venstre for posten. Etter litt fram og tilbake, er konklusjonen at eg er til høgre, og då finn eg posten greitt iht opprinneleg plan. Her går det nok i overkant av 2 minutt.

1. - 2.: OK

2. - 3.: Siktar mot feil høgdepunkt, men tek meg greitt inn.

3. - 4.: Finn ein grei trasé bortover lia, og forenklar posten ved å ta denne langs bekken. Blir litt forvirra når det ikkje er post på den første skrenten eg ser, men fortsetjer nordover, og finn posten på ein skrent som er vesentleg mindre enn den eg såg først. Kjem i lag med Tor Sørevik her, som kjem til posten ovanfrå.

4. - 8.: OK, og løper saman med Tor og etter kvart Svein Linga her.

8. - 9.: Ut frå traktorvegen prøver eg å rykke frå Tor og Svein, og ned mot 9. er eg nokre meter foran.

9. - 10.: Tor løper forbi meg att på traktorvegen, medan Svein er lei av å løpe i tog, og tek høgreinngang mot posten, noko som ikkje var lurt. 150 meter før posten skiljer eg og Tor lag, og då er eg åleine opp mot det ikkje akkurat opne området ved posten.

10. - 11.: OK, og både Tor og Svein er ute av syne

11. - 12.: Eg veljer inngang over myra, som viser seg å vere svært våt. Truleg er inngang frå høgre (over stupet) betre.

12. - mål: OK.
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (06.09.2023)