pokalkamp Bergen (05.09.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Søre Neset
Arrangør: Os OK
Jungel-O i lite brukt terreng, og det går an å forstå kvifor...

Kartutsnittet var diverre i minste laget (det skulle gjerne ha vore med litt meir i nord), og løypetrykken drep i overkant mykje info.

Ingen strekktider å samnalikne med for H50-, men prøver likevel å analysere:

start - 1.: OK, samstundes som eg registrerar at terrenget i alle fall ikkje er meir lettløpt enn kva eg hadde rekna med.

1. - 2.: Eg ser ikkje venstrevegvalet i kartkanten, og rundar stort på veg til høgre. Det kan umogleg vere korrekt val, sjølv om det rapporterast om rufs på vegvalet til venstre.

2. - 3.: Eg trur eg veljer rett vegval, men er uheldig då eg "kuttar" før huset på første del av strekket. Først havnar eg i eit "juv" som ikkje framkjem av kartet, og når eg så klatrar opp av juvet, kjem eg rett opp i ein haug med ferskt hagesøppel og det som verre er...
Rundt post 3 dukkar det overraskande opp silketerreng, noko som gir meg trua på at dette er terreng der lys grønt betyr silke, noko som litt seinare viste seg å vere totalt feil...

3. - 4.: Kjempetungt terreng frå vegen og opp til posten, som viser seg å liggje bak ein diger bergklump med masse grums rundt...

4. - 5.: Veljer svakt venstre langs myr, sjølv om eg forventar at myrene skal vere tunge og våte, og det var dei... Kva den tynne svarte streken ved posten er, veit eg ikkje, og postbeskrivelsen er heller ikkje veldig klar. Eg gjettar at det er meint sadel? Overraskande nok møter eg Bjørn Hølleland, som hadde passert meg til 4., på posten.

5. - 6.: OK, men ikkje heilt lett å forstå kvar posten eigentleg skal vere. Inn mot posten høyrer eg eit hyl, og der står nok ein gong Bjørn Hølleland, denne gong med foten i klemme mellom 2 steinar...

6. - 7.: Planen er først å halde høgde ut mot stien, men terrenget ser håplaust ut, og då klatrar eg i staden kortaste veg opp til stien. Inn mot posten er strategien å ta denne gjennom det lysegrøne vest for gjerdet, men her viser lysegrønt seg å bety jungel, der eg rett og slett blir ståande fast.

7. - 8.: Strategien her er klinkande klar; kortaste veg ut til sti, og kortaste veg inn frå sti.

8. - 9.: OK

9. - 10.: Mange ulike variantar å velje mellom her, men eg trur dei er om lag likeverdige?

10. - mål: OK, og godt nøgd med å kome uskadd i mål :-)
Vis kommentarer (0)
 
pokalkamp Bergen (05.09.2023)