bedriftsløp VBIK Bergen (30.08.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Hordnesmarka
Arrangør: Bergens TF
Veldig godt nøgd med at kroppen no synast å tåle også løyper der løpstida bikkar over timen :-)

Som vanleg i Hordnesmarka handlar det om strekk der alternativa er anten tråkling rett på eller omgåande på veg, og eg trur ikkje at eg gjer nokre grove vegvalsfeil. Det eg slit mest med o-teknisk, er å forstå kva av dei svarte strekane som er stiar og kva som er skrentar, og t.d. ved post 2 er eg enno ikkje sikker på kva som er kva, men eg trur det er 2 skrentar i ringen, og at resten av dei svarte strekane er stistrek...

start - 1.: Finn ingen god trasé ut frå start, men det eg ender med er heller inga katastrofe. Rundt posten veit eg at terrenget er veldig detaljert, og eg er veldig bevisst på at eg skal inn via myra NNA for ringen.

1. - 2.: Eg trur traséen eg veljer er OK, men eg skjønner ikkje kartet inne i ringen. Eg trur eg ser ein skrent, del av eit stup, og 2 stiar, og forstår ikkje at posten ligg på det som eg les som siste strek på den nordre stien... Eg får dermed ein ekstra sving vest for posten.

2. - 3.: Usikker på om rett på er optimalt, men det er heller inga katastrofe.

3. - 8.: OK

8. - 9.: Eg høyrde fleire som hevda at om lag rett på var best, men strekktidene indikerar at stor høgre på veg var eit godt val, sjølv om inngangen blir tung. I tillegg får eg med dette vegvalet lese resten av løypa.

9. - 10.: Eg har på veg til 9. sett nærare på 4 vegval her, og bestemt meg for stor høgresving på veg, men når eg inn mot 9. møter Rannveig Nordhagen, som tydeleg har bestemt seg for det same, skiftar eg til eitt av dei andre vegvala eg har sett på, nemleg "sikksakk" over haugen, men til høgre for toppen av denne. Diverre er eg ikkje godt nok konsentrert når eg kjem opp, og eg treff ikkje den stien eg har tenkt å ta (om lag langs teljekurva på høgresida av haugen), og eg brukar mykje tid på å forsere grøntgrums oppe på haugen. Eg meiner vegvalet eg veljer er OK, og så er det altså verre med gjennomføringa, men eg har likevel betre strekktid enn Rannveig :-)
Beste vegval er kanskje stor venstre, men eg vil ikkje sjanse på dette, med uvisse både om korleis løpbarheita er i det lys gule, og om kva som finnast av gjerdepasseringar, seinast i går sto eg fast i eit piggtrådgjerde som var teikna som passerbart... Det at det er teikna nordpil oppå Skeievegen gir heller ikkje inntrykk av at dette er eit vegval løypeleggaren likar.

10. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (30.08.2023)