pokalkamp Bergen (29.08.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Svartevatn
Arrangør: Fana IL
Tok det piano ut frå start, med mål om å unngå bom i det relativt fuktige terrenget. Største tidstap er på eit horribelt vegval, elles slit eg litt med at løypetrykken drep i overkant mykje kartinformasjon.

start - 1.: OK, men eg slit ved gjerdepasseringa, der eg må over 2 piggtrådar, og mislukkast på første forsøk...

1. - 2.: Veljer feil inn mot posten, og kjem inn i bratt og lite farbart terreng. Står fast og tapar over halvminuttet i forhold til om eg hadde venta litt med å gå opp frå høgda som myra ligg på.

2. - 3.: Tung i steget oppover her, men traséen tenkjer eg er grei.

3. - 4.: Tenkjer rett på, men går meg tidleg fast i våt brake, og veljer i staden rundt til høgre på "sti", eller kva vi no skal kalle det. Usikker inn mot posten, og det går nok halvminuttet her i brake og nøling.

4. - 5.: Venstre via myra er kanskje noko kjappare?

5. - 6.: Veljer høgre, men finn plutseleg ut at eg skal ta venstre i staden. Angrar då eg kjem til myra litt over midtvegs, som er våt, i tillegg er vegvalet for langt... Eg vil tru at godt gjennomført høgre er 2 minutt kjappare...

6. - 7.: OK, sjølv om eg forstår lite av kartet ved hjørnet av det tomtegrøne.

7. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
pokalkamp Bergen (29.08.2023)