Vestlandsmeisterskap mellomdistanse (27.08.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Gjesdalsdalen
Arrangør: Førde IL
Sjølv om siste del av løypa går i terreng som er alt anna enn min type favoritterreng, er eg godt nøgd både med gjennomføringa, og med medaljeplass, sjølv om det siste er med svært god hjelp av eit par kjappingar som ikkje sjekkar kodar...

start - 1.: Ser ikkje posten med det same, og er 10 meter forbi då eg snur meg og ser han til venstre for og bak meg.

1. - 2.: Det er kanskje litt betre løpbart litt lengre til venstre, men stor skilnad er det ikkje snakk om.

2. - 8.: Trur eg ligg der eg skal på alle strekka, der eg taper mest tid, er der botnen er grumsete, men vanskeleg å styre meir unna enn kva eg gjer.

8. - 9.: Det er mogleg det kjappaste er å dra rett ned på vegen, men eg tenkjer at viss det er det beste vegvalet, er løypa dårleg, og prøver å halde sånn nokon lunde høgde bortover, til det blir så mykje steinbotn at eg gir opp å halde høgde, og slepp meg ned til gjerdet. Eg er treig bratt utfor, og trur ikkje at eg tapar tid på det valet eg gjer, framfor å runde til venstre.

9. - 10.: Posten er rimeleg diffus (ein udefinert stad i ei stor myr), og eg kjem litt for langt til høgre.

10. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
Vestlandsmeisterskap mellomdistanse (27.08.2023)