bedriftsløp VBIK Bergen (23.08.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Smøråsen
Arrangør: Bergenslærernes BIL
Ikkje noko perfekt løp, men godt nøgd med å kome meg i mål under timen :-)

start - 1.: OK

1. - 2.: Vegvalet er horribelt dårleg, det er vesentleg betre med venstre langs sti. Opprinneleg tanke er å runde til høgre, men eg ombestemmer meg undervegs, og går meg så totalt fast i eit brakefelt som er langt tettare (og har meir luft under seg) enn kva det ser ut til, der eg tek av frå stien. Når eg inn mot posten møter Kirsti Lysaker, som eg også hadde møtt tidleg på strekket, skjønner eg at her kjem eg til å få høyre det når eg kjem i mål... Kirsti løp der eg burde ha løpt...

2. - 3.: Drar først opp på feil kolle, men skjønner kvar eg er.

3. - 4.: Rundar moglegvis litt for mykje?

4. - 5.: OK

5. - 6.: Trur eg veljer rett vegval, men slit ned mot posten, der eg trur eg er på nasa på streken, men truleg er på ei mindre nase lengre til høgre. Når eg kjem ned til korrekt høgde, og står under noko som liknar på ein skrent, trur eg først eg er til venstre for posten, på ein skrent som ikkje er på kartet, før eg slipp meg ned, og ser ein skrent lengre nord, der posten er.

6. - 7.: Planen er å dra opp på Ytrestien, og følge den inn mot posten, men litt over midtvegs tek eg feil i eit stidele, og kjem lengre til høgre enn tenkt. Når eg skjønner feilen, er eg kome for langt til å snu, og prøver å halde høgde bortover skrålia. Eigentleg ikkje ille, men neppe optimalt, men eg får i alle fall ein fin inngang.

7. - 8.: På veg opp under kraftlinja mistar eg stien fleire gonger.

8. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (23.08.2023)