KM langdistanse 20. august i Ullensvang (20.08.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Korlevoll
Arrangør: Odda OL
Følte meg sliten (og langt meir sliten enn i går) då eg kom opp til start, og tenkte at dette kom til å bli veldig tungt, slik det jo har vore i over eitt år når eg har prøvd å løpe løp 2 dagar etter kvarandre.

start - 1.: La meg litt lavt for å redusere mengden av terreng "på tvers". Det blei likevel nok av "på tvers", men eg har kontroll heile vegen på kvar eg er.

1. - 2.: Nydelege myrer å løpe på, eg forkastar venstre, og bestemmer meg for rett på, inkludert kva "skar" eg skal gjennom, og får ei skikkeleg oppmuntring når eg opp første skråli ser Rannveig Nordhagen, som starta minuttet foran, og at det virkar som om eg i dag har høgare tempo og betre trasé enn ho (ho ligg litt til høgre for meg på stort sett heile strekket) :-)
Deilig å løpe i snilt terreng, med følelsen av å ha full kontroll :-)

2. - 3.: Eg stemplar like bak Rannveig, bestemmer meg for rett på i skrå og fine myrer, og når att Rannveig i det ho trakkar på ei sag, som ho tek med seg vidare, for å plassere den på ein mindre farleg stad (ho tok seg til og med ein tur ut for å hente den etter løpet :-) ). Dei som evt. såg oss akkurat då, såg kanskje ein gammal gubbe som livredd løp nedover myrterrenget så fort han berre kunne, fulgt av ei ilter dame med høgt heva sag...
Vidare blir det nok eit langstrekk der eg føler at alt stemmer, og til og med motbakken under kraftlinja går greitt :-)

3. - 4.: Eg har kanskje brukt litt for mykje krefter på langstrekka, og opp her følast det tungt, men no handlar det eigentleg mest om å kome seg gjennom utan å gjere noko dumt.

4. - 5.: Finn ingen god trasé ned den første lia, og optimal inngang er nok til venstre for skrenten, men når dette er dagens største tidstap, skal eg ikkje klage :-)

5. - 6.: Gir på det eg kan nedover myra, bevisst på at eg ikkje skal løpe for langt før eg kryssar over ryggen.

6. - 7.: Vurderar at rett på gir like mykje klatring opp til posten som svakt høgre, og veljer då svakt høgre, noko eg trur er greitt nok, sjølv om beina er grusomt tunge der det midtvegs på strekket går svakt oppover, og eg oppdagar at myra er litt mindre snill enn dei eg har løpt i lengre oppe.

7. - 8.: Løper over myra med Lise Christensen som hare, men der ho tek inngang frå venstre, drar eg rett over og stemplar likt.

8. - 9.: Gamle og varsame bein blir fråløpt av fleire ungdomar ned gjennom det grøne her. Greitt nok det, så lenge dei ikkje løper meg over ende :-)

9. - mål: Ikkje motvind som i går, og eg brukar ryggen til Lise som inspirasjon for å halde farta oppe, og kjem i mål strålande nøgd.
Endeleg virkar det som om kroppen tåler 2 løp på 2 dagar att, om enn denne gong med for meg perfekt terreng (godt løpbare myrer) :-) Tida får vise om verda ser annleis ut når eg er tilbake i terreng med Bergensbotn, men dagen var uansett ein skikkeleg opptur :-)
Vis kommentarer (0)
 
KM langdistanse 20. august i Ullensvang (20.08.2023)