H-cup (19.08.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Korlevoll
Arrangør: Odda OL
Ingen fullklaff, men heller ingen katastrofer, totalt 5-6 min. tidstap, med litt ulike årsaker:

start - 1.: Eg legg meg for høgt, og legg vekk om lag eit halvt minutt.

1. - 2.: Litt usikker inn mot posten, men ikkje noko stort tidstap.

2. - 3.: OK

3. - 4.: Har veldig god kontroll, og når eg passerar den siste kanten før posten, og ser ein post nedanfor meg, lar eg denne vere i fred, og løper vidare til det eg meiner er korrekt myr, men ingen post der. Returnerar då til den posten eg har sett, og som har rett kode. Denne posten ligg nok feil.

4. - 5.: Finn ingen god trasé ned lia, men kjem ned til eit høgdepunkt og ein skrent som passar, men ingen post der. Leitar litt til venstre, før eg snur tilbake til der eg kom ned, og ser då nok eit høgdepunkt, med post på, framom meg. Her er ikkje kartet 100%, og det burde neppe ha vore ein høgdepunktpost her.

5. - 7.: OK

7. - 8.: Har god kontroll på kvar eg er, men les dei brune flekkane eg skal til som ei grøft, og finn inga grøft når eg kjem opp til posten. Les så postbeskrivelsen, og finn ut at eg skal vere mellom 2 kollar, noko eg faktisk er, men ingen post der. Eg tek ei lita runde sørover, før eg vender tilbake dit eg var, og ser posten mellom 2 andre kollar enn dei eg først sto mellom. Med fleire kollar/høgdepunkt i terrenget enn på kartet, burde det nok ikkje ha vore ein kollepost her.

8. - 9.: OK

9. - 10.: Eg prøvde å vere lur og runde heller enn å gå over kollen, men fekk ingen god inngang.

10. - 12.: OK

12. - 13.: Upresis med kompasset her, og får ein minuttbom.

13. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
H-cup (19.08.2023)