bedriftsløp VBIK Bergen (16.08.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Munkebotn
Arrangør: NHH BIL
Etter ein sjuk vårsesong, og manglande sommarsesong (første gong på meir enn 40 år eg ikkje har løpt eit einaste sommarløp), er målet ein nokon lunde normal haustsesong, og så får vekene som kjem vise om dette går eller ikkje…

Årets første bedrifts-A-løype i dag, og eg hadde lukta lunta om kva som faktisk venta, i eit løp som delvis var forsøkt marknadsført som sprintløp. Sprintløp var det definitivt ikkje, og så var det ein del ekstra utfordringar i form av ukurant forhold mellom målestokk og ekvidistanse. Terrenget er vesentleg meir kupert (og knudrete…) enn kartet ved første augekast gir inntrykk av…

Eg kom heil og uskadd i mål, med ein kropp som fortsatt kjennast OK, og sjølv om tida er råtten, er eg eigentleg godt nøgd med å ha kome så pass greitt gjennom, når utgangspunktet var som det var…

start – 1.: Begge dei som startar før meg veljer rett på, og då tenkjer eg at eg skal prøve meg på venstre, som viser seg å vere eit vesentleg dårlegare vegval enn det kan sjå ut som, det er veldig tungt terreng etter fotballbana og inn til posten, herunder eit glatt svaberg…

1. – 2.: Løper meg fast i jungel ut frå posten, og må klatre opp eitt nivå for å finne snillare terreng/vegetasjon.

2. – 3.: Greitt nok, men det går veldig treigt, og eg konkluderar bortover her at vegvala heretter skal vere mest mogleg på veg/sti…

3. – 4.: OK

4. – 5.: Venstre er nok kjappare…

5. – 6.: Eg får meg eit sjokk midtvegs, då eg plutseleg ser ein upasserbar mur foran meg. Etter nokre sekund ser eg at det går ein rampe opp til høgre, som det er mogleg å kome opp via, men her klagde eg til løypeleggaren etterpå. Det eine er at løypetrykken bidrar til å gjere muren (parallell med streken) lite synleg, det andre er at kartet er upresist ift om det faktisk er mogleg å krysse muren eller ikkje. På venstre side og «midt på» oppfattar eg han som definitivt ikkje passerbar, og på høgre side (der eg løper opp), les eg at det eg løper langs, er ein skrent.
Vidare OK, men det er vesentleg brattare ned mot festningen enn det kartet gir inntrykk av. Den store stien er her ei dårleg trapp.

6. – 7.: Løper litt for langt.

7. – 8.: Ved snuplassen blir eg forvirra av eit hus som ikkje står på kartet, men som eg feiloppfattar som det huset som er på kartet, og dermed kjem eg for langt til venstre. Eg er på rett stad ift lengderetninga på huset eg ser, men huset eg ser er ikkje det huset som er på kartet, men eit hus som er nærare snuplassen…

8. – 9.: Veldig bratt ned her, og masse nedfall. Rett og slett skikkeleg grumsete… Etter å ha kjempa meg over myra, treff eg på ein tydeleg sti, som eg utan vidare tankegang følger mot høgre, til eg skjønner at eg har fulgt ein sti som manglar på kartet…

9. – 10.: Planen er eigentleg å liggje til venstre for streken heile vegen, men eg trur det eg ender opp med er heilt OK.

10. – 11.: OK

11. – 12.: Her lar eg Bjørn Hølleland vise veg ut av posten, og opp mot vegen.

12. – mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (16.08.2023)