Kompisstafetten (18.06.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Smådalen
Arrangør: Samnanger IL
Når kroppen no virkar å tåle 2 løp på 24 timar, og dagens største tidstap kjem fordi eg løper for fort, veljer eg å seie meg strålande nøgd med dagens etappe, som eg jo eigentleg også er i eldste laget for...

start - 1.: OK

1. - 2.: Eg ser ikkje noko anna alternativ enn høgre, men ned mot vegen kjem dagens største tidstap, då eg løper rett gjennom "stikrysset" 150 meter før vegen. Då eg skjønner at eg har løpt forbi, er eg så langt forbi at det ikkje har noko poeng å snu. Opp mot posten veljer eg ein trasé nord for der eg kom ned i går, og dagens val følast rett.

2. - 4.: OK

4. - 5.: Eg er veldig bevisst på at eg ikkje skal rote meg inn i same grumset som i går, og veljer stor høgre ut frå posten. Nok ein gong følast dagens val rett, sjølv om det ikkje akkurat gjekk fort langs vegen.

5. - 7.: OK

7. - 8.: Kjem litt skeivt ut, og det blir litt meir på tvers enn naudsynt.

8. - 9.: Får ikkje heilt tak på kartet inn mot posten, og føler at det er urimeleg høgt opp til søkket.

9. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
Kompisstafetten (18.06.2023)