Hamla Grand Prix (17.06.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Smådalen
Arrangør: Samnanger IL
Gjorde mykje rart i dag, men det viktigaste i dag var å finne ut av om kroppen var i stand til å kome seg gjennom årets hittil lengste løype, og pr. no virkar det som om det gjekk bra, om enn løpet var alt anna enn optimalt gjennomført.

start - 1.: Føler eg møter ein "vegg" like etter start, utan heilt å vere samd med korleis denne er teikna på kartet. Trur eg finn ei OK løysing, og oppdagar også at terrenget har mange tråkk som ikkje står på kartet. Hjorteterreng?

1. - 2.: Blir for oppteken av å følge tråkk, heller enn å orientere som om desse ikkje er der. På siste del av strekket er beste trasé lengre til høgre.

2. - 3.: På start fekk eg tilbod om 1:10.000 i staden for 1:7.500, hadde eg tatt mot tilbodet, hadde det kanskje gått betre? Uansett er eg unøyaktig på kursen, og følger ein trasé som eg får til å passe rimeleg godt med der eg tenkte å løpe. Eg kjem til og med til ein post som stemmer sånn nokon lunde, men med feil kode. Føler samstundes at eg er kome for langt, ser meg godt til venstre, og skjønner kva som har skjedd. Somlar vekk 3 minutt her, tenkjer eg...

3. - 4.: OK

4. - 5.: Eg både veljer feil, og gjennomfører dårleg... Sigurd Eikner har fasiten på kvar beste vegval er, men eg gjettar lengre til venstre.

5. - 6.: Etter å ha løpt mykje i lyng så langt, veljer eg bort høgrevegvalet, og bestemmer meg for venstre. Valet trur eg ikkje er så verst, men gjennomføringa på første del av strekket er horribel. I staden for som tenkt å dra via skogsvegen, kjem eg alt for langt til venstre, og skjønner først då eg ser elv nr. 2 kva eg har gjort...

6. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
Hamla Grand Prix (17.06.2023)