pokalkamp Bergen (13.06.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Moldalia
Arrangør: IL Gular
Var "løpande" skygge for 7-åringen i dag, og etter grundig gjennomgang av løype og vegval før start, lot eg han vere togførar på ei heil løype for første gong, og det gjekk betre enn venta :-)

start - 1.: Fint startstrekk langs sti og veg, der han ser posten nesten frå start :-)

1. - 2.: Guten har stålkontroll langs vegen til 2., og også den er godt synleg på avstand.

2. - 3.: Guten er litt usikker ut frå posten, og sjekkar mot onkel om han er samd i at han skal ut på vegen til venstre. Onkel er samd...

3. - 4.: Som forventa blir det trøbbel inn mot posten, og onkel må gripe inn med litt peiking inn den grasgrodde og utydelege stien sør for "hovudvegen".

4. - 6.: Guten har stålkontroll langs stien :-)

6. - 7.: Det går tungt i varmen oppover her, guten slår fast at han likevel klarar seg med ei runde (opp mot start fastslo han at han i dag ville løpe 2 runder...). Inn mot posten ser vi begge at skjermen har ramla ned, eg spør kva vi skal gjere med det, og han svarar at eg må henge den opp att, slik at også dei andre finn posten :-)

7. - 8.: Stålkontroll vidare langs vegen, og han ser posten før meg.

8. - 9.: Guten forsvinn av garde før onkel er ferdig med å stemple, men blir usikker i første stikryss, der onkel tek han att, og vi tek ein diskusjon om kvar vi eigentleg skal vidare. Vi blir samde om å fortsetje rett fram.

9. - mål: Dagens vanskelegaste utgang, då kartet ikkje akkurat stemmer med korleis det ser ut her no. Medan onkel grublar på korleis han skal forklare dette, spør guten om den svarte streken med taggar viser eit gjerde :-) Kvar det kom frå, veit eg ikkje, eg kan ikkje hugse at eg har kome så langt i symbolopplæringa som til "gjerde", men då er også den på plass :-)

Etter målgang blei det symboldiskusjonar og utveksling av strekktider og vegval med dei store gutta, og så lot onkel seg greitt lure med på ein litan premiehandel etterpå...
Vis kommentarer (0)
 
pokalkamp Bergen (13.06.2023)