KM mellomdistanse 3. juni i Bergen (03.06.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Solbakkefjell
Arrangør: Fana IL
Slik formen var då eg vakna, tenkte eg at det ikkje blei løp i dag, men eg kvikna til ut over dagen, og køyrde likevel til Frotveit, og kroppen virka heilt grei på vegen til start.

start - 1.: OK

1. - 2.: Dagens første stortabbe, der eg ikkje les kartet grundig nok, og konkluderar med at eg berre skal liggje på høgda bortover lia. Som tenkt, så gjort, og når eg føler at eg er kome for langt, ser eg ein post foran meg lengre nede. Sjølv om plasseringa virkar "rar", drar eg ned dit, og får ikkje noko stort sjokk når han har feil kode. Eg les meg greitt inn på kvar eg er, og klatrar greitt opp til den høgda eg burde ha vore på. Her går det i overkant av 2 minutt.

2. - 5.: OK

5. - 6.: Eg veit av erfaring at det lysegrøne her normalt er OK å løpe i, og at det er steinete langs bekken til venstre for streken. Då bestemmer eg meg for rett på, og ender opp i nedfall som pressar meg lengre til høgre og opp enn tenkt. Her går det nok halvanna minutt ift å løpe opp langs bekken :-(

6. - 7.: Eg bør krysse over vegen og opp til skiløypa med det same, heller enn å løpe halve strekket på veg.

7. - mål: OK, og så blir det 5 minutt med berre hosting etter målgang, eg var kanskje likevel ein stad eg ikkje burde ha vore i dag...

Plassering midt på treet, og sjølv om eg trekkjer frå 4 minutt, er klasseplasseringa den same. Altså mellomgod i dag, som er godt over slik eg kjenner meg når dette skrivast nokre timar seinare...
Vis kommentarer (0)
 
KM mellomdistanse 3. juni i Bergen (03.06.2023)