bedriftsløp VBIK Bergen (24.05.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Hordnesmarka
Arrangør: Bergens TF
Opnar horribelt treigt i dag, men får heldigvis opp farta noko undervegs, utan at det eigentleg er ei veldig stor trøyst at eg er kjappast i klassen frå 4. og inn.

start - 1.: Kartbiletet forsvinn under løypetrykken, og eg kjem på feil sti ut frå vegen :-( Inn mot posten har eg fått det for meg at posten skal vere oppå høgdepunktet, og då går det nokre sekund til...

1. - 2.: Nesten over myra trakkar eg gjennom det eg trur er ei tue, og blir ståande heilt fast i noko som følast som eit halvminutt, men som kanskje ikkje var så lenge...

2. - 3.: Sjølv om vegvalet er langt, trur eg at det er OK, og at det er farta som er problemet.

3. - 4.: Her er nok beste vegval lengre til høgre...

4. - 5.: Tråkling rett på er nok hakket kjappare, men nok ein gong er det farta som er problemet. Det som kanskje totalt sett bergar løpet for meg her, er at eg møter Marit Nipen, som starta minuttet før meg, overraskande tidleg i den spisse vinkelen inn mot posten, og at det kanskje er då eg verkeleg forstår at her må eg skjerpe meg og få opp farta?

5. - 7.: Her har eg i alle fall beste strekktider i klassen, og løper meg opp til den 3.plassen eg også har i mål.

7. - 8.: Kjem fram til (ut frå mangelen på svarte prikkar) at det er lov til å løpe i kanten av jordet midtvegs. Inn mot posten kjem eg litt for langt til høgre.

8. - 9.: Føler at eg veljer rett, sjølv om eg blir fråløpt av Britt Karlsen, men som ut frå strekktidene har beste vegval :-)

9. - mål: OK, sjølv om avstanden fram til Britt blir lengre og lengre...

Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (24.05.2023)