bedriftsløp VBIK Bergen (10.05.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Stendafjellet
Arrangør: Fana IL
90 meter stigning til post 2 er vel ikkje det eg akkurat ønskjer meg, men eg får seie meg nøgd både med klasseseier, utan å vinne eit einaste strekk, og nok ein gong med betre løypeplassering enn beste strekkplassering i løypa. Det hjelper ikkje å gjere store feil, når det opplagt er mange som har større fartsressursar.

start - 1.: Med venstre startspor, og andre til høgre for meg som skal rett fram, løper eg bakover frå start, før eg svingar inn i skogen. Oppover er det tungt, men eg har kontroll på kvar eg er.

1. - 2.: Tungt, ja, men ingen o-tekniske utfordringar.

2. - 3.: Godt å få løpt litt :-)

3. - 4.: Eg har veldig litan lyst til å gi frå meg høgda eg har slitt meg opp, men eg synast stor høgre ser både langt og tungt ut, og svelger i meg at det berre er å dra nedover att. Her legg mange att tid på å dra for langt mot venstre (ned mot start), medan eg stolar på at opningane Gunnar Gytri har teikna inn mellom stupa faktisk er der. Også vidare trur eg at eg veljer rett, og sparar tid ift dei som svingar meir via veg og stor sti.

4. - 5.: Eg ser ikkje høgreutgangen (slepet som ligg på teljekurva), men varianten min er nok også grei.

5. - 6.: OK

6. - 7.: Ned mot posten konkluderar eg med at stisystemet kun er eigna til å forvirre, og at det handlar om å forhalde seg til kurvene og bekken. Eg passerar fleire som står i stikryss og prøver å lese seg inn.

7. - 8.: Tanken er meir rett på, men varianten eg ender opp med, når eg ikkje ser kvar eg skal ta av frå stien litt før midtvegs, er truleg heilt OK.

8. - mål: OK, sjølv om eg ikkje likar postdetaljar eg ikkje veit kva er.

Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (10.05.2023)