bedriftsløp VBIK Bergen (03.05.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Eikelifjellet
Arrangør: Tryg BIL
Når eg ender opp med betre totalplassering i løypa, enn beste strekktidsplassering, er det eit teikn på at det er mange som har gjort mykje rart. Eg gjer også rare ting, men tydelegvis i mindre omfang enn snittet...

start - 3.: OK, i eit område der det er alt for mange stiar på kartet.

3. - 4.: Eg forkastar stor høgre, og veljer "favorittstien" min opp til Eikelifjellet. Planen er inngang via myra sørvest for posten, men utan at eg i ettertid skjønner kvifor, har eg etter at planen var ferdig lagt, fått det for meg å halde høgde i lia inn mot posten, noko som umogleg kan løne seg, utan at dette siste visast att korkje i strekktid eller strekktidplassering, men det er truleg mange som har gjort mykje rart her, og ingen med fart som har optimal trasé? Det må vere 1-2 minutt raskare med inngang via myrplatået?

4. - 5.: OK

5. - 6.: Eg mistar påtenkt trasé litt før midtvegs, men korrigerar meg greitt inn att, om enn med tap av nokre sekund.

6. - 7.: OK

7. - 8.: Eg startar ut til høgre, men ombestemmer meg, og snur om til venstrevegval via burettslaget i Løvåsen. Vegvalet er truleg OK, og så er det svingen før eg bestemmer meg som øydelegg strekktida?

8. - 9.: OK

9. - 10.: Eg går meg fast i grums her, ein time seinare var det nok tråkk gjennom grumset...

10. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (03.05.2023)