bedriftsløp VBIK Bergen (26.04.2023)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Fløien
Arrangør: Skogselskapet BIL
Farta er som den er, og løp 2 dagar på rad er pr. no alt anna enn optimalt for ein skrøpeleg kropp, men eg finn jo fram...

start - 1.: Myra eg veljer inn mot posten er skikkeleg "sugemyr", og inngang lengre til venstre må ha vore betre, sjølv om vegetasjonen her er ekkel...

1. - 2.: Eg trur større venstresving med meir sti er betre enn min variant.

2. - 4.: OK

4. - 5.: Eg ser inkje godt alternativ til høgre på veg via Brushytten, sjølv om slike vegval pr. no er alt anna enn passande for meg. På vegen følte eg at eg blei fråløpt av alt og alle, sjølv om eg plukka inn att nokre meter då eg kom ut i terrenget ved Revurtjern.

5. - 6.: OK

6. - 7.: 3 skrentar i ringen, og eg gjettar på at posten er på den øvste, men tenkjer samstundes at det er dumt å dra tidleg opp om posten ligg på ein av dei 2 andre. Eg drar ikkje tidleg opp, og posten ligg på den øvste...

7. - mål: Løpestrekk, og då er farta pr. no som ho er...
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (26.04.2023)