Kompetansenatta (29.10.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Haakenstua
Arrangør: NOF
Til motsetnad frå førre forsøk på å løpe natt, var det brillevenleg ver i dag, og då kunne eg altså ha løpt langløypa, men hadde i alle fall ei grei, om enn langt frå perfekt runde i den kortare mellomvarianten.

start - 1.: OK

1. - 2.: Vegvalet er korrekt ut frå det eg veit ved 1. post, men eg drar litt skeivt ut frå posten, utan noko stort tidstap der. Det verkelege trøbbelet oppstår når eg kjem ned mot Svarttjern, og møter det lokale Halloweentoget på veg vestover. Ikkje heilt greitt å kome seg fram på eller langs den relativt smale stien gjennom mykje nedfallsgrums her, i møte med meir eller mindre forvirra barnefamiliar, som nok slit med å forstå kven desse raringane som kjem i motsett retning med lys på hovudet er...
Etter endeleg å ha forsert det kryssande toget ved Svarttjern, er neste utfordring ei "parkert" Halloweenforsamiing ved vestenden av Nordbytjernet. Det virka som om dei som sto her, oppfatta passerande O-løparar som ein del av underhaldninga, og at det var meininga at vi skulle måtte åle oss i siksak gjennom forsamlinga...

2. - 3.: OK, sjølv om eg møter ei Halloweensperring litt over midtvegs...

3. - 4.: Nytt møte med forsamlinga ved vestenden av Nordbytjernet, men som gir litt meir plass no, dei har moglegvis skjønt at vi som kjem ein og ein, utan born med oss, helst berre vil gjennom og vidare...
Inn mot posten får eg ikkje tak på vegetasjonsskilja, og drar opp for tidleg.

4. - 5.: Her er eg dum nok til å tru at Halloweentoget er ferdig ved Svarttjern, men når eg kjem ned dit ser eg at toget fortsatt går, og det går sakte... Den empiriske konklusjonen er at det er vanskelegare å passere langs eit Halloweentog som går foran deg, enn eit Halloweentog du møter. Eg ga opp stien, og sloss meg i staden gjennom nedfall lengre oppe.
Stor høgresving på sti er nøydd til å vere vesentleg raskare.

5. - 6.: Ein litan sving her, etter at eg feiloppfattar den første brua over Ev6 som den andre...

6. - 8.: OK

8. - 9.: Eg trur eg har kontroll på vegetasjonsskiljet, men det har eg ikkje... Kompass frå stikrysset aust for posten gjer derimot jobben.

9. - mål: OK


Vis kommentarer (0)
 
Kompetansenatta (29.10.2022)