nattcup Bergen (19.10.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Dyngeland
Arrangør: Fana IL
Hadde ein generelt dårleg dag i dag, og konkluderte etter kvart med at det beste var å kome seg heim att...

start - 1.: Prøver å krysse gjerdet for tidleg, men vågar meg ikkje inn i kamp mot piggtråden, og blir passe irritert på meg sjølv, når eg oppdagar at gjerdeopninga som framgår av kartet er kjempesynleg frå stien litt lengre framme, med store mengder av refleks. Kasta bort nærare minuttet her, i forsøket på å finne opninga i piggtrådgjerdet...

1. - 3.: OK.

3. - 4.: Har grei kontroll til midtvegs, før eg gjer den megatabba å forvente at gjerdepasseringa ved 4. er like godt refleksmarkert som den ved 1. Eg drar difor ned, med lykt som siktar mot venstre, for å la meg fange opp av reflekslys, men her er det ingen slike reflekslys som fangar opp, eg kjem for lavt, og trynar i eit gjørmehol... Full brillevask, med det som konsekvens at alt er berre dogg 3 sekund seinare, før eg famlar meg opp att til posten, som eg har forstått må vere lengre oppe.

4. - 5.: Planen eg legg er tilpassa at eg ser kva eg driv på med, noko eg diverre ikkje gjer, men eg har imponerande nok faktisk likevel kontroll til litt over midtvegs på strekket. Deretter er kontrollen fråverande, og det er veldig sparsomt kva eg ser rundt meg. På eit tidspunkt er eg heilt sikker på at eg er på rett stad, men eg er nok for langt til høgre (i etterpåklokskap truleg i SA kant av ringen). Oppgitt og fortsatt utan særleg syn på det eg har rundt meg, konkluderar eg med at eg må kome meg opp på åsryggen, og deretter heim, og som tenkt, så gjort. Etter ei roleg vandring over åsen ser eg etter kvart litt igjen, og då drar eg innom siste post før mål og heimturen...

Med dette som utgangspunkt, er neste nattløp nøydd til å bli ein opptur :-)

Vis kommentarer (0)
 
nattcup Bergen (19.10.2022)