Fjellgeita (02.10.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Emlemsfjellet
Arrangør: Emblem IL
Dagens målsetjing var å kome feilfritt gjennom utan at venstrefoten skulle gjere meir ondt etterpå enn før, og samstundes ha att krefter til Deep Purple i Volsdalen på kvelden. Målsetjinga blei greitt oppfylt, og Deep Purple leverte :-)

start - 1.: Eg er av dei første ut frå fellesstarten (alle 3 løypene drar ut i same retning), men blir forbiløpt av dei fleste før eg kjem til posten.

1. - 2.: Veljer høgre, men blir fråløpt av dei andre på det same vegvalet. Når eg møter Stig Bratsberg, som løper noko fortare enn meg, på posten, der han kjem inn frå venstre, veit eg at eg har vald rett :-)

2. - 3.: OK, sjølv om Stig løper frå meg, og eg blir åleine att.

3. - 4.: Er veldig forsiktig nedover her.

4. - 5.: OK, og nok ein gong forsiktig ned mot posten.

5. - 6.: Det er nok kjappare å dra meir rett på.

6. - 7.: OK, og på posten dukkar det som troll av eske opp ein Emblemungdom. Då var eg altså likevel ikkje suverent sist i løypa (då visste eg ikkje om MOI-løparen som hadde blitt totalt avhengt allereie til 2.).

7. - 8.: Denne rufsestien har eg aldri vore glad i, og Emblemungdommen forsvinn av garde i det fjerne...

8. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
Fjellgeita (02.10.2022)