Samnangermeisterskap (25.09.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Kvamskogen
Arrangør: Samnanger IL
Stilte som gjesteløpar i Samnangermeisterskapen i dag, og kom først i mål i mellomløypa.

Med ein venstrefot som eg ikkje heilt visste kva var klar for, valde eg bort langløypa, men ettertidskonklusjonen er at det nok hadde gått greitt også å ta den, ja :-) Då fekk eg altså ingen alvorleg ettervirkning etter "leggfastkilinga" i Åsane onsdag :-)

start - 4.: Fellesstart med "gafling" iht tidlegare 2-milkonsept, med 3 postar (A, B og C) som takast i valfri rekkefølge før post 4. Eg veljer start - C - B - A - 4., eit val som neppe er optimalt.

4. - 5.: OK

5. - 6.: Ein samning som er kjappare enn meg, og som har vore bak meg så langt, passerar forbi, og henger seg på Tore Juvik og Ole Tørnqvist i langløypa. Desse skal derimot lengre til fjells enn oss i mellomløypa, så eg er likevel først av oss på post 6, men samningen snur seg og ser meg på posten før eg klarer å "snike meg" ut...

6. - 7.: OK

7. - 8.: Her kjem eg litt for langt til venstre, og blir passert av den kjappe samningen, som ikkje uventa er tøffare enn meg utfor.

8. - 9.: Eg bestemmer meg for å la samningen liggje foran, og at eg tek det vegvalet som han ikkje tek vidare til post 9. Han veljer å halde høgde bortover lia, og då drar eg ned, med det som resultat at eg er i tet att på post 9.

9. - mål: OK, og altså først i mål i mellomløypa :-)
Vis kommentarer (0)
 
Samnangermeisterskap (25.09.2022)