bedriftsløp VBIK Bergen (21.09.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Storsåta
Arrangør: UBIL
Trengte eitt løp til for å kvalifisere til årets deltakarpremie, og det løpet er no i mål :-)

Kom seinare til Åsane enn planlagt, og med forventning om tøff A-løype og snart mørke i skogen, valde eg B, og angrar ikkje på det, ut frå det eg etter målgang høyrde frå imålkomande løparar frå A...

Når den einaste som slår meg er ein tidlegare HL-vinnar som er vesentleg yngre enn meg, må eg vel også vere greitt nøgd med resultatet :-) , men målsetjinga for neste sesong må vere at formen blir slik at han tillet H60-A i heile sesongen. I år har eg 5 VBIK-løp i A og 6 VBIK-løp i B.

start - 4.: OK

4. - 5.: Dårleg vegval her, rett på er nok kjappast?

5. - 6.: Drar for langt til venstre her, og følger deretter stien for langt.

6. - 7.: Eg legg inn full stopp for å sjekke kartet før eg drar inn i bustadområdet, men konkluderar med at fargen er gul, og at vegvalet er lovleg. Samstundes mistenkjer eg at å halde høgda (utan å dra inn i bustadområdet) kan vere kjappare? Det var kanskje betre bortover i lia her enn kva eg trudde?

7. - 8.: OK, og eg vinn faktisk strekket :-) Ikkje vanleg kost, det...

8. - 9.: Det er nær ved å gå veldig galt i den bevokste steinrøysa nedover her, men eg trur venstrefoten er berga, sjølv om han er ond no... Foten kilte seg delvis mellom 2 steinar, samstundes som resten av kroppen hadde grei fart nedover... Heldigvis losna foten... Vegvalet meiner eg er OK.

9. - mål: OK, utan at eg skjønte samanhengen med det som sto i innbydinga, om "gate-orientering mot slutten der løperne kan utfordre seg selv og sin fartsopplevelse i utfordrende urbant miljø."



Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (21.09.2022)