HOK-rankingfinale (18.09.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Tveitavarden Alver
Arrangør: Varegg Fleridrett
Mykje fin skog i Nordhordland i dag, men med den vanlege problematikken at kvitt både kan vere silkefin planteskog, og normal tung og tuete vestlandsskog.

start - 1.: Eg blir så overraska når eg ser strekket, at eg tek ein ekstra sjekk på at eg har tatt rett kart.

1. - 2.: Planen er eigentleg heilt rundt til høgre, men myra aust for stien ser så OK ut at eg tek den i staden. Eg trur det valet var greitt.

2. - 5.: OK

5. - 6.: Her går det minst eitt minutt, først står eg fast i toppen av eit stup (der eg ut frå kartet har rekna med at det skal vere mogleg å kome seg uskadd ned), og deretter går eg på ein postbom.

6. - 7.: Er rimeleg overraska når eg på siste del av strekket møter silkefin skog.

7. - 8.: OK

8. - 9.: Myra er av nesten verste sort, men rett på er nok likevel det beste.

9. - mål: OK

Vis kommentarer (0)
 
HOK-rankingfinale (18.09.2022)