vegmeisterskap mellomdistanse (10.09.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Hovsfjellet Halden
Arrangør: OK Moss
Manglar 14 sek. på sølv i H55-, og ser for så vidt fleire stader der desse sekunda forsvinn, men vanskeleg å gå klokkereint i slikt terreng, særleg i starten sleit eg med å vurdere skilnaden på "grop" og "ikkje-grop", i eit terreng med masse spor etter tidlegare steinbrotsaktivitet.

start - 2.: OK

2. - 3. Veldig usikker inn mot posten, men føler at eg er for langt til høgre, noko som stemmer...

3. - 5.: OK

5. - 6.: Er unøyaktig med kursen oppover, og trur at eg er lengre nord når eg kjem inn på stien ved posten. Det går meir enn 14 sekund på denne svingen, ja...

6. - 7.: OK

7. - 8.: Veldig diffust inn mot posten, der eg først finn ei "grop" som viser seg å vere ei "ikkje-grop" aust for posten...

8. - 9: Eg tek sjansen på det mørkegrøne, som viser seg å vere betre enn frykta.

9. - 10.: Etter erfaringane frå 3. og 6., går eg på veldig presis kompasskurs oppover, og er nesten litt skuffa når eg går rett i dagens høgaste og tydelegaste postskjerm (høg og tydeleg nok til at grov kurs hadde gjort nytta...)...

10. - 11.: OK

11. - 12.: Vanskeleg å skilje mellom "skrent" og "ikkje-skrent" her, og eg kjem for høgt... Eg les dei 3 "steinane" nedanfor posten som ei vegetasjonsgrense, men det er truleg 3 steinar på rekke... Vanskeleg å få tak på kva som var kva her...

12. - 14.: Eg når att 2 minutt førstartande Bjørn Alsaker på post 14, og reknar då med at eg er først i løypa, og definerar som målsetjing å kome først i mål.

14. - 16.: Bjørn er litt kjappare enn meg, men eg er først på postane.

16. - mål: Ein stormvind frå nord (Gjermund Urset) kjem som troll av eske, og tek livet av målsetjinga om å kome først i mål...

Vis kommentarer (0)
 
vegmeisterskap mellomdistanse (10.09.2022)