vegmeisterskap "sprint" (09.09.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Festningen Halden
Arrangør: OK Moss
Heldigvis lenge mellom kvar gong eg gjer eksakt same vegvalsfeil på 2 ulike strekk i det same løpet...

start - 3.: OK

3. - 4.: Beste vegval er sjølvsagt aust og nord, gjennom porten eg allereie har passert 3 gonger, men eg ser rett og slett ikkje at det er samband frå denne direkte opp til post 4. Eg drar difor rundt til venstre, på eit vegval som er både lengre, har meir stigning og dårlegare botn... UFF...

4. - 5. OK

5. - 6.: Beste vegval er venstre via den same vegen som eg ikkje ser til 4., men eg drar ned att same vegen som eg kom opp til 4. Vegvalsfeilen på dette strekket har nok likevel mindre konsekvens enn feilen til 4., men så gjer eg også ein gjennomføringsfeil, der eg drar til venstre "eitt kryss for tidleg" før posten. Katastrofestrekk, først veljer eg feil, og så gjennomfører eg feil...

6. - 16.: OK (største utfordring er hengaren som står parkert foran inngangen til portrommet mellom postane 15 og 16)

16. - 17.: Planen er venstre, for så å gå inn i opninga mellom murane (sør for stupet"), men der er inga enkel opning, kun ein 2 meter høg bergvegg... Eg fortsetjer dermed heilt rundt til venstre.

17. - 18.: Veldig vanskeleg å vurdere kvar overgangen mellom ikkje passerbar og passerbar mur er, men eg trur eg kryssar muren i overgangen.

18. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
vegmeisterskap "sprint" (09.09.2022)