bedriftsløp VBIK Bergen (07.09.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Kanadaskogen
Arrangør: Tryg BIL
Eg slit fortsatt med å løpe godt 2 dagar på rad, og i dag gjekk det generelt treigt...

start - 3.: OK

3. - 4.: Eg vurderar (og forkastar) stor venstresving, som eg tenkjer ser for lang ut, men gløymer å ta høgde for motsola, som gjer det veldig vanskeleg å finne gode "mikrotraséar" på det vegvalet eg veljer. Eg mistar stadig dei små tråkka eg prøver å følge, og snublar også i litt av kvart...
Inn mot posten føler eg at eg har god kontroll, men eg ser ingen post der eg meiner at han skal vere. Heller enn å gå 10 meter vestover, for så å sjå austover med sola i ryggen, konkluderar eg med at eg ikkje har kome langt nok, og fortsetjer nedover, der eg etter litt konkluderar med at eg var på rett stad første gongen eg stoppa. Når eg går oppover att, med sola meir bak enn framom meg, ser eg posten, rimeleg godt omkransa av buskvekster... Her går det totalt om lag 3 minutt, noko på vegvalet, og noko på "motsolsbommen"-

4. - 5.: Her gjer eg ein sving innom feil stein, og føler det er overraskande langt opp til den korrekte.

5. - 6.: Ute på myra kjem eg inn i noko tett kratt, som eg oppfattar som det grøne like før posten, og dreier difor feil, før eg les meg inn på den store steinen. Eg trur det går nærare 2 minutt i sving og forvirring her...

6. - 7.: Noko umotivert går det grusomt treigt oppover her...

7. - 8.: OK

8. - 9.: Eg vurderar stor venstre, men strekktidene indikerar at eg har vald rett, sjølv om eg får ein grusom inngang. Det er nok betre både å ta posten opp frå myra, eller rett ned frå stien over haugen. Dei siste 30 metera inn mot posten står eg fast i alt mogleg rart...

9. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (07.09.2022)