bedriftsløp VBIK Bergen (31.08.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Hordnesmarka
Arrangør: Bergens TF
På veg frå bussen og opp mot arena ga kroppen klår melding om at han ikkje hadde nokon topp dag i dag, og når eg inn mot påmeldinga blir møtt med fleire varslar om lang og tung A-løype, veljer eg B-løypa i dag. Eg angrar ikkje på det valet, det gjekk tungt løpsmessig heile vegen, og så er det passe utruleg at eg på post 11 faktisk likevel passerar på bestetid i løypa... Då må det vere mange av dei som løper fortare enn meg som må ha bomma relativt mykje...

start - 1.: OK

1. - 2.: Drar litt for mykje til venstre inn mot posten, men trur først at eg er kome for langt. Her går det eit halvminutt...

2. - 5.: OK

5. - 6.: Eg har ikkje lese postbeskrivelsen, og trur eg skal til søkket i nordkant av kollen... Litt forvirring oppstår her, men ikkje noko stort tidstap.

6. - 7.: Eg vurderer (og forkastar) stor venstresving, som neppe er kjappare?

7. - 8.: OK

8. - 9.: Eg drar ned litt for tidleg, og ser ei lysning som eg trur er det kvite på kartet, men eg er for langt sør... Nytt halvminutt her.

9. - 11.: OK, og på 11. har eg altså bestetid i løypa, utan at dette er noko eg ser for meg kan vere tilfelle, når eg konstant blir fråløpt av andre...

11. - 12.: Slurvar det til her, og nytt halvminutt går med...

12. - 13.: Eg trur vegvalet er OK, men eg er alt for sein med å ta av frå vegen, og lar meg fange opp av N-løypa sin sistepost. Ikkje kvar dag det største tidstapet for dagen er på siste post...

13. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (31.08.2022)