KM langdistanse Hordaland (28.08.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Storsåta
Arrangør: TIF Viking
Det var ikkje del av dagens plan å bli slått av Håkon Mogstad, men det er ikkje anna å gjere enn å gratulere...

start - 1.: Eg gir frå meg meir høgde enn eigentleg tenkt, men eg trur likevel at vegvalet er OK.

1. - 2.: Eg tek nok av frå stien litt for tidleg. Håkon slår meg med over minuttet her, og Svein Linga med meir enn 2 minutt, og det kan ikkje vere berre fordi det gjekk tungt og treigt med meg, dei må ha funne ein betre trasé...

2. - 3.: Inn mot posten korrigerar eg ut frå korleis eg les det gule, og korreksjonen er slik at eg glir forbi til høgre. Her går det nok eitt minutt :-( Ved passering 3. er eg lengre bak Håkon enn kva eg er i mål, og det Svein slår meg med, er stort sett det same som han ligg foran meg her...

3. - 4.: Eg held høgde, noko som etter kvart følast feil, og som både løypeleggar og TD meiner er feil, men strekktid og -plassering ser OK ut?

4. - mål: OK, men ikkje lett å få flyt i terreng som anten er grums, bratt eller begge delar på ein gong...
Vis kommentarer (0)
 
KM langdistanse Hordaland (28.08.2022)