Foll-O-karusell (24.08.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Nordby
Arrangør: Ås IL
Arrangøren hadde lovd valfri målestokk, men då eg kom til start, var det berre 1:10.000-kart att. Eg starta optimistisk ut med dette, men skjønte ganske fort at det ikkje var optimalt. Dagens flaks var at ein av arrangørane dukka opp ved post 5, med eit eigenutskrive 1:7.500-kart i handa. Når han der og då ga tilbod om å bytte kart, var eg ikkje sein med å gå med på å bytte :-)

start - 2.: OK

2. - 3.: Eg klarer ikkje å lese kartet oppover her, men når det flatar ut og eg er ute av det grøne konkluderar eg med at eg må vere for langt til høgre. Her går det nok over minuttet...

3. - 5.: OK

5. - 6.: Med "nytt" og betre lesbart kart i handa, drar eg optimistisk av garde på stivegval. Litt før midtvegs har nokon fiksa på den stien som går mot venstre, slik at det ligg ein elegant grusa venstresving her, som eg susar gjennom i god fart, utan å få med meg at det er ein dårlegare (og "ufiksa") sti rett fram. Stien eg er inne på, er kjempefin å løpe på, og eg dundrar av garde alt for lenge, før eg skjønner at noko ikkje stemmer, og til slutt snur tilbake. Her går det nok mellom 2 og 3 minutt...

6. - 8.: OK

8. - 9.: Planen er å løpe rett over det opne området, men det er mykje gras i starten, og eg pressast til høgre, og er på veg ut mot stien til høgre då eg finn eit traktorspor som går i korrekt retning.

9. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
Foll-O-karusell (24.08.2022)